Målet kans

Om Målet kans

Bruksrettleiing

Denne nettstaden skal fungere på alle plattformar - PC, Mac, nettbrett (iPad og Android) og mobil (iPhone og Android). Det er nytta HTML 5, som inneber at alle lydfiler og videoar blir spela direkte av på nettsida, utan at du treng noko eige program for dette.

Dersom lydfiler og videoar ikkje virkar, har du mest sannsynleg ein eldre PC med ein gamal versjon av Internet Explorer. Du kan da installere ein moderne nettlesar som Google Chrome, Opera eller Firefox, og bruke ein av desse i staden.
Generelt sett gir nettlesararene Chrome og Opera den beste brukaropplevinga på PC og Android. Dersom du har problem med Safari på Mac, iPad eller iPhone, prøv å installere Chrome.

Bildegalleria under Favorittorda våre kan navigerast med tastaturet. Bruk piltastane for å gå til forrige eller neste bilde. Du kan òg klikke på bildet for gå til neste (eller trykke Enter), klikke på venstre halvdeil av den grå bakgrunnen for å gå til forrige, og klikke på høgre halvdeil for å stenge (eller trykke Esc).

På nettbrett og mobil kan du sveipe med fingeren til venstre eller høgre, og trykke til venstre eller høgre på den grå bakgrunnen for gå til forrige bilde eller stenge.
På iPad går det ikkje å sveipe bakover. Trykk på venstre deil av bakgrunnen i staden.
Dersom sida stoppar å fungere på nettbrett eller mobil hjelper det som regel å laste sida på nytt.

På kartet med 50 stadnamn kan du klikke på stadnamna (trykk på nettbrett og mobil) og få opp forklaringa for det namnet du har klikka på. Dersom dette ikkje fungerer på iPad, prøv dette: Press fingeren mot namnet, og slepp brått.