Målet kans

Stev og viser

Tinn kommune har mykje å by på innan kultur, og ein av dei tinga som står høgt på lista, er folkemusikken. Dei siste 5 åra har interessa for folkemusikk blant unge tinndølar vore aukande, og med hjelp frå flinke lærarar i kulturskulen har det blitt tatt opp gamle Tinn- tradisjonar gjennom kveding, spel og dans. Både store og små, jenter og gutar formidlar det dei har lært både på tradisjonelle kappleikar og lokale tilstellingar, for å vise fram den rike folkemusikkarven i Tinn. Framtida for folkemusikken i Tinn ser nale ljos ut!

I januar 2016 var kring 20 kvedarar mellom 8 og 18 år frå Tinn Spelemannslag / Tinn kulturskole i studio på Kamerina Kulturverksted i Hovin og gjorde opptak av 12 viser og stev frå Tinn.
Tinn Spelemannslag eig rettane til ljodfilene. Dei kan berre nyttast til privat bruk.

Dei som var med i studio:
Heidrun Midtbøen, Lydia Elisabeth Geirsta, Linnea Mowinckel, Tuva Jonsjord Lurås, Ragnhild Gunleiksrud, Kristin Røysland Vågen, Anine A. Runnekås Lurås, Elene Vågen Sauro, Amalie Slettemo, Mathilde Mowinckel, Ingeborg Mehlum Gunleiksrud, Marte Røysland Vågen, Nora Garden Kruse, Annbjørg S. Gunleiksrud, Malin Røysland Skårberg, Helle Luraas Lilleland, Anlaug Nørstebø, Synne Miland, Solveig Sonnev Solheim, Hedda Bøen Engravslia, Maren Marumsrud

Instruktør: Unni Boksasp
Ljodansvarleg: Knut Nyheim

Litteraturliste
Berge, R. (1926). Bygdedikting. Rjukan: Eigi forl. Tinn Soga Band I. s. 301-310
Berge, R. (1926). Folkedikting. Rjukan: Eigi forl. Tinn Soga Band I. s. 265-300
Berge, R. (1926). Tinndølvisur. Rjukan: Eigi forl. Tinn Soga Band I. s. 311-352

Å vi du stevjast

Det første stevet står i Catharinus Elling sine oppteikningar frå 1909. Dei to siste er etter Torbjørg Brusli, fødd Våer.

Å vi du støvjåst mæ me ei beite,
so må du ikkje ette visun leite.
Å vi du støvjåst mæ me ei ti,
må du børå visun i lomma di.

No kjem han vår’n og kviknar gut’n,
han stirrar upp i mot fossenut’n.
Hårre me vender og hårre me snur,
me høyrer Rjukanfossens stolte dur.

Å spølå spelmann, å spølå springar,
no vi me danse og gjere svinga!
No vi me danse som bukkekje,
fe me ækje stengde i noko le.

Framført av: Heidrun og Lydia

Bremsen og flugo

Denne er frå notenedskriftene til Catharinus Elling i 1909. Truleg skreve ned etter Hallvor Bøhle. 1. og 3. vers er etter Hallvor, 2. vers nedskreve etter Gunhild Hauge i Tinn 1912, og dei andre versa er etter Hanne Kjersti Yndestad.

Dæ hendte se i ei gåmål tid, piriom
Tordyveln ville te flogu fri, piriom
Piria måtte, koria, doria, daria
Rinkom og piriom..

Gjestebod dæ ska kje bli så stort,
dæ ska no stå på ein hestelort!

Dæ va så lystig ei brurefær,
myhanken dansa men han va kje svær

Dæ va så lystig eit brurehus,
der dansa loppu, der kruka lus!

Dæ blei slikt leven på dei bryllaupsfolk,
fe tordyveln datt uti ein tjyru- holk.

Flogu sette se mæ sut og gråt,
e ha alder høyrt slik ein fillelåt.

Framført av:
1. vers: Linnea, Tuva, Ragnhild, Kristin, Anine og Elene 
  2. vers: Amalie, Mathilde, Ingeborg og Marte
3. vers: Nora
4. vers: Annbjørg
5. vers: Malin
6. vers: Helle

Brynjulv Olsson

Stev til låtten Brynjulv Olsson

So ska du spølå du Brynjulv Olsson
So ska du spølå du Brynjulv Olsson

Når du kjem heimat te kjering og bonn
Nordafe nuten der finn du stuten din!

Framført av: Alle

Byssan bånet

På eit opptak som NRK har gjort av tannlege Gunnar Odd Hagen senior. Har truleg vore veldig vanleg i Tinn og Telemark.

Byssan byssan båne, gryta heng i gråne

Koka full mæ rjomegraut, fe det vesle båne.

Framført av:
1. gong: Linnea, Tuva,  Ragnhild, Kristin, Anine og Elene
2. gong + kanon: Alle

Fræmindkaren

Etter Hans Olav Stegarud og Ola K. Berge

Det va seint om lågudagskvelden, fræmindkaren strauk av sted.
Stjernune på himlen blinka, månin skein på honom ned.
Hjarte varmt i barmen banka som han vægen ila fram
tenkte se han sku få gvile på ein kjærleg kvennfolkarm.

Fram te dynne va’n kome, ba så smått å sleppe inn,
Og han høyrde i frå sengje: «Far no varleg venen min.
Ljoset må du ikkje tænne, stygt her æ fe ille brann.
Far min konna på me skjænne og so æ det långt te vann.»

«Kom og legg de onde fell’n du må vørå trøytt o arm.
E ha vænta på ’re længje kom og gvil de på min barm.
Borti grinde æ ein butil der du de ein kveik kan få,
o so søv du søtt og længje te ’ru heimatt ser å gå»

Mens’n låg no der og drøymde om si lukke der ei stond
Stal’n se eit kyss å tåkå tå’ ræn rosenraude monn.
Men hot va’re no han kjænde? Hadde dennan jenta skjegg?
Oto sængje, frampå golve som den netupp brende klegg.

So te alle fræmindkara som vi tinndøljentun sjå:
Kjøp ei lykt o lite olje so ’re vægen ser å gå.
So ’re ikkje gjæng mæ dikkan som det gjekk mæ dennan her:
At’n låg i hop mæ kara som va kledt i kvennfolkklær!

Framført av: Anlaug

Her site me to kvende

I notenedteikningane av Catharinus Elling frå Vestfjorddalen i 1909, står denne nedskriven etter Hallvor Bøhle. Der står berre fyrste verset. Dei to siste har Unni Boksasp lært av Agnes Buen Garnås, som har dei frå Magnus B. Landstad sine samlingar.

Her site me to kvende bå fager og fin,
og venta på leikjen ska låte.
Å vi du tåkå din, so ska e tåkå min
og vørå både lystige og kåte.
og vørå både lystige og kåte.

Spelmannen spølå og fela ho let,
og tromma på dynne monne skramla.
Unglyr’n dansa mæ møyan så kåt,
og slirin på bakjen monne skrangla.
Nå lyvå me so væl, berre dettan noe lengje måtta haldast!

Her site me to kvende tå kvarjom slag,
og ringan i bringa monne dangla.
Ungersveienen dansarmæ møyan så spak,
no fara me på måle te å famla.
No lyvå me so væl, berre dettan no lengje måtta haldast!

Framført av: Malin

Karlsrudvisa

Karlsrudvisa er henta frå Tinnsoga, der er songen introdusera på fylgjande vis:
«Karlsrudvisa eller Maaremsrudvisa kallar dei ei vise frå midten av 1800-talet, om ei jente på Maaremsrud som mora ville gifte bort med ein riking på Karlsrud. Jenta sette seg i mot, så det vart ikkje noko av.»

Jænta fann de ikkje bra da ho skulle gubben ta
te sin ektemake.
Ho i sine unge år, han alt heve gråe hår,
slikt æ reint ’to lagje.

Mora meinte ana ho, jænta fekk ’kje minste ro
fe ræn gamle skrykkja.
Ha’n vore hink o’ halt ho sku ta’n
hot dæ gjaldt, om ’en gjekk på krykkja.

«Tænk den store, vene gal
som du når du heldt de’ fal, fær te arv ’o eige!
Tænk det store fulle bur,
stogo på ræn høge mur, slikt æ nokko eige!»

«Ja, om loft o bur va’ fullt, tvangen dæn blei værr hell sult.
Hos ska e me lågå?!
Ska e ta ræn gamle mann, da bli live me’ te tvang,
tænk fe druge dågå»

«Om’ en gåmål æ o grå
må ru ikkje på ’n sjå, tie fæ’ru slite.
Når den gamle mann døyr bort
bli ru gift att like fort, derpå kan du lite.»

Jænta ho blei trøyt o leitt, gav te svårå mor si heitt:
«Gjæng du i frå vite?»
«Nei, den krakken tæk kje e, om ’en gjekk i gull te kne.
Derpå kan du lite!»

Framført av: Helle

No vi me ut å gjete

På eit voksrullopptak frå byrjinga av 1900-talet syng truleg Hallvor Bøhle denne songen

No vi me ut å gjete,
det gjeng med lyst og leik i li
når sole bær te sprette i beste såmmårti.
Me tile ute vørå må,
so me kan kyre oversjå
og alle lamma små.

No ser e Olav kjeme
som kjem te me så mång ein nått.
Han ska få øtå rjome og det må gjere godt.
E kasta vekk primkjelen min
og koka rjomegrauten fin
fe snille gut’n min.

Framført av: Malin

Om Gausto va graut

Ei gamal, kjent regle som Unni Boksasp har satt ny melodi til.

Om Gausto va graut og Tinnsjå va saup
e åt me’ kje mett, sa trollet!

Framført av: Alle

Ro ro te fiskeskjær

Frå voksrullopptak med Hallvor Bøhle.

Ro ro te fiskeskjær,
månge fiska fekk me der.
Laksen den store,
gjedda den gode.
Ein te far og ein te mor,
ein te syster og ein te bror.
To te den som fisken drog i havet
i havet.

Framført av:
Amalie, Mathilde, Ingeborg og Marte

Tannlausen

Etter Agnes Buen Garnås og Knut Buen.

E æ tannlaus e!
Fjølåru’n ska smia tenna i me.
Suidudn…

Framført av:
1. gong: Synne og Solveig
2. gong: Alle

Snille mi jente

Det første stevet står i Catharinus Elling sine oppteikningar frå 1909. Dei tre siste er etter Torbjørg Brusli, fødd Våer.

Snille mi jente du treng kje syte,
fe e ska skaffe de bånegryte.
Å bånegryte og båneskei,
og bånelinde og bånereiv.

Å inn i hujen min har han kome
just i mitt hjarta der æ han skore.
De kan væl høyre det på mitt mål,
at e bær i hjarta eit ope sår.

E sende bod upp te himlens høgste
om hjartesår kon bli atterlegte.
E fekk te svar, ja som venta var:
Han kunn kje lege so djupe sår.

De tenkje væl at det sku´kje vårå,
at det gjeng bort om ein to, tri dågå.
De tenkje væl at e ha ´n gløymt,
Men e ha ´n væl i mitt hjarta gøymt.

Framført av:
a) Maren og Hedda
b) Annbjørg
c) Nora