Målet kans

Historier og segner

I Tinn har vi ein rik segnetradisjon, og ei av dei mest kjende tinndølsegnene er segna om Maristigen i Vestfjorddalen. Historia har vorte fortald og nedskrive i fleire variantar og kan førast heilt tilbake til seinmellomalderen, ifylgje «Tinnsoga». I nyare tid er segna ikkje minst blitt kjent gjennom det lokalhistoriske «Marispelet», som vart framført fyrste gongen i 2005. Men det er ikkje berre i Vestfjorddalen vi finn gamle segner og forteljingar. Det finst mange av dei i heile Tinn, og fleire av dei er òg samla og skrivne ned i ulike bøker (vi bør ha med litteraturtips her)

Hausten 2014 var eventyr og segner tema for dialektkonkurransen «Tinndølneta». Det vart laga oppgåver knytt til ei segn frå kvar av bygdene Hovin, Tessungdalen, Austbygde, Atrå og Vestfjorddalen. Etter kvart som oppgåvene vart publiserte i Rjukan Arbeiderblad, kunne ein òg høyre segnene bli fortalde på Radio Rjukan. Nedanfor kan du høyre opptaka og lese dei fem segnene. Ljodfilene er attgjevne med godkjenning frå Radio Rjukan. Filene kan berre nyttast til privat bruk.

Litteraturliste
Berge, R. (1926). Folkedikting. Rjukan: Eigi forl. Tinn Soga Band I. s. 265-300
Brekka, G. S. (2001). Kom, så skal eg fortelje deg noe: Sagn og historier fra Tinn. Atrå: Gro S. Brekka
Einung, H. H. (1926). Minne frå heidensk tru og kultus. Rjukan: Eigi forl. Tinn Soga Band. I s. 109-141
Hope, Ulf , Berntsen, Per (2000). Sagn og fortellinger. Rjukan: Per Berntsen. Kulturminner i Tinn s. 23-43
Klonteig, Olav (2000). Arven frå det mytiske. Porsgrunn: Forlaget Grenland
Landstad, M. B. (1924). Tinndølerne. Kristiania: Dybwad. Ættesagaer og sagn fra Telemarken. s. 121-130

Kjæringje (frå Hovin)

Ænde noLom nautegaLen, ved Breiset-myran i Hovin, æ ræ reist to steina te minne om ei kjæring som vart drepin tå ein bjønn. Kjæringje va træk, så to liv vart avslutta.

Dæn gamle sætervægen gjæng innonde ei lita sat nettup dær. Myljom stigen o steinan æ ræ ein krull mæ noko rippila. Kjæringje skulde te Spjelset. Sjova reiste fyste, so sku gubben komå ette mæ kLøv. Han skulde jamvæl ha ræn minste guten i åbandet.

Dæ såg ut som ho ha prøva å værje se mæ ei råte, og dæn va sligjin tvært åv. Bjønn bar likje te ei myr, dær han grov dæ ned i ein ræpedipil. Frå gåmålt va ræ vanle å leggje ein krans rondt steinen før pinse gvar vår. Dæn største minnesteinen vart i nyare tid bruka te pistband i Sud-Rue.

Kjelde: Fritt etter Hovinsoga

Lese av Ole Grov

Historin om Tollev Sal (frå Tessungdalen)

På Sønstebø i Tessungdalen livde ræ fystones på 1200-talet ein mann som heitte Tollev Sal. Han rudde ein stor deil tå Tessungdalen o va ein gauve i bygde. Han sette upp Salstogo, ei stogu der fårånes folk o fe ette NoLmannslepa konna få lossement. Da Tollev blei gåmål o kruslin ba’n Tessungdølan te se, o ba ræm når’n va farin, om dæm vilde leggje’n i ei kiste o hengj’o upp i messenglenkju i Salstogo. Jorde ræm dæ so sku ræ gå ræm væl. Tessungdølan jorde som Tollev sa ræm, da døaroLet om Tollev kom, so samlas dæm o la likje i ei kiste o hengd’o i messenglenkju uponde takje.

Ein gong i året plågå Tessungdølan samlas i stogo fe o sønje lov- o liksalmu, Tollevsok dæm kalla. Dæ hadde Tollev sagt dæm sku jørå. Tan helt dæm på mæ te 1692. Jens Hauritz va prest i Tinn på dæn tie. Han vilde’kje vytå tå danan helgendyrkjingen dæm dreiv mæ upi Tessungdalen. Han sente hovmann sin agåLe fe o få greie på om dæ va noko o lite på tan oLet som gjekk om dyrkjingen tå Tollev Sal.

Hovmann fann Salstogo, braut se inn o fann kista uponde takje. Han opna kista o fann levningan ette Salemann, braut tå ein biti tå lårbeine o tok mæ se fe o syne presten. På heimvægen te Atrå sjågå hesten o glei på eit flæberg o hovmann braut åv lårbeine. Plassen heite Hovmannsberje den dag i dag.

Da presten fekk høyre tan, blei’n morsk o drog sjav agåLe te Tessungdalen o te Salstogo. Han fann se nokon tyryspæku, nørde uponde stogo o so rei’n på heimvæg. Da’n kom heim te prestegaLn va eit tå huso der nebronne. Historin fortel at presten døe seinar samme året. Ette at stogo te Tollev Sal va bronne, samla Tessungdølan reistan ette’n o la i ei grav. Dæ blei slutten på dyrkjingen tå Salemann i Tessungdalen. Dæ hadde vårå i meste 500 år.

Kjelde: Tinnsoga. Omsett te tinndøl tå Grautkjeringan.

Lese av Ole Grov

Vassòrmen (frå Austbygde)

Dæ va fleire småvatn upi Gvamsskogen. Dær va ræ åv o te tomt fe fisk o dæ va fe ræ at sjøòrmen va noko hækjin i perioda.

Ei nått fór beistet utivi åsen. Fòlk såg kje òrmen, men heile bakkjin jidra da’n bukta se gjænom skogen. Dæ va store sløu ett’n i kjørr og einstape, o bòrken va skura tå treleggjin. Vassòrmen kom se ne te Austbygdåe. På ein haug dær va ræ ein ågåle stor låg, ei hól trestamme tå eit gåmalt tre. Onde ræn heldt òrmen te. Når dæ va rettele varmt, kraup’n ut eit bel, og da konna ræm både sjå og lukt’n.

Dæm måtte få gjort noko med ra òrmen, men ingen våga se te. Den vælgjetne kjempekaren Hans Åserall va på den tie på Svålåstògo og sette upp dæ store lòftet der. Åserall’n såg ikkje ut te o vyLe nokon ting so bygdefòlket sændte bò ette kjempekaren. Men da Åserall’n fekk auge på ra fæle òrmeskallin tolde’n kje gje se ikast mæ udyre. Men han manna se upp te slutt. Han treiv tak i ein strang o mæ ræ samme òrmen stakk skallin utfrå gøymeplassen sin dængde Åserall’n laus alt han va kar om. Da ska e si ræ blei sprell og styr, o fòlk høyrde ræ långt onda. Òrmen rulla se sammen so hóltreet sprakk. Ormekroppen valt ut som ein svær ball. So retta’n se ut og blei liggjandes steindau. Dæ va eit ufysele syn. Kroppen va på om lag fem famna og uhòrvele tjukk. Åserall-kjempa va ve o uvytå før han sjågå tebake te Svålåstògo.

Òrmen blei liggjande o ròtne, og tæven va so fæl at fòlk ikkje kom forbi mæ hestan sine. Men te slutt fekk dæm slæpa styggedomen uti åe. Månge som va mæ o dróg, blei alvorle klene ettepå. Dæ æ gamle Hans Svålåstògo som sjøl he fortalt dæten her.

Fritt fortalt etter Olav Klonteigs versjon i boka Arven frå det mytiske.

Lese av Per Espeland

Vonde-Birjit på Li’n (frå Atrå)

Birjit budde på einmæle på gaL`n Li’n øvst i Gjøystabygde. Ein stor deil tå bygdefolkje va husmenna onde hena. Dæ måtte ræm betale dyrt fe. Betalinje va kjøt, ull, skinn, smør o òst m.m. Birjit vóg varun mæ ei falsk vekt slik at o fekk mykjy meir enn o sku ha.

Birjit tok i mot folk som kåm frå marken på Jønnberg. Hadde ræm mykjy pæing stelte o te go mat, o ho skjænkte ræm mæ sterkt drikke te ræm sòmna. So drap o ræm, tok pæingan dæms o putta karan i kjelarhòle. Ho hadde eit stort skrin fullt tå sòllpæing. Lykkjyl’n te skrine hång i belte.

Ein gång hadd o bee te se ein rik markenskar som kåm noLate. Da ræm va kåmne inn vilde Birjit ut, som svintas, so ho ba mannen om o vente so lenje. Han gav se te o goprate mæ jentonjin i huse. Ho va einbending. Da mannen spurd o hòffe ho va so redd, peka o på kjelarlæmen o sa: «Dæ ligg fullt tå daue kala dæl nie». Mannen blei skremd, reiv læmen upp o vilde sjå nie der. Han såg eit syn so fælt at`n blei heilt frå se. I ræ mørke kjelarhole låg dæ fullt tå mannekroppa, sondflængde o hallròtne – o gvite grinans beinrangel skjein i mørkre. Han fór på dynn.

Da Birjit kåm inn att o såg’o va lura fe ræn feite steikje, vart’o eitranes sinna. Ho tok ein stygg hemn ivi ræ skuldlause båne sitt. Ho kasta ræn vesle dotte si inn i ein gloheit omn so ho blei lyvånes brænd.

Feri Birjit døe so gjømde’o skrine mæ sòllpæingan i so ingen sku få tak i ræ. Ho sette ræ onde Lifòssen. Tròlle i berje o nykken i fòssen passa på skrine. Men Birjit fekk ikkje fre i grave som ventan va. I mørke haustnetta rir o sommetier gjennom skogen i Limarkje so gnistan fyk onde høvan på den svarte hesten sin.

Segna er henta frå Gjøystdal i Atrå

Lese av Kirsten Vilnes

Soga om Maristigen (frå Vestfjorddalen)

Øvst upi Vessjorn, ve ræn mektige Rjukanfossen budde grannan Mari o Øystein. Dæm vaks upp sammen o hadde lykle o sòrglause dågå. Dæ vaks ikkje gras på vægen myljom dæm goe grannan, dæ va reine ålmånvægen. I uppveksten leika ræm mæ inan, dæm sprang, rulla i graset og smålås. Når dæm trong ein pust i bakkjin, hykjå ræm se nøpå ein stein fe o rabbe lite grande. Dæm sat jamsis inan, Øystein mæ armen gòdt ront Mari. Øystein va umissans fe Mari, og ho va umåtele glad i’n. Dæm va som skapt fe inan.

I ungdomstie va Øystein vifòrug, han dróg te Amerika, men Mari, ho hadde mest vòre i husekrullin. Da Øystein kåm heima frå Amerika ville‘n gifte se mæ Mari. Far hennas, Ulf, hadde alt låvå o bort te Bjønn som kåm frå ein ågåle rik fameli. Mari hadde ingen varme kjænslu fe Bjønn, ho hadde bærre plass te Øystein i hugen sin. Mari grein og kasta seg kring hasjen te far sin mæ ei indele bøn om å få lyvå sammen mæ Øystein. Ho ville kje gje hånde si til nokon andre enn han, aller minst Bjønn, som ho hata.

Ulf nytta makte si, og Mari blei truga te giftemål mæ Bjønn o pønta te brur. Øystein kom springanes rett feri prosten byna vigsle. Mari reiv se laus frå Bjønn. Sammen tok Mari o Øystein hyven, vekk frå brurefyje. Bruregjestin fòr ette ræm fe o stòppe pare. Mari o Øystein va redde fe å bli tikne, og ræm flaug agåLe langsmæ ræn smale stigen ve juve der Rjukanfossen kasta se utivi. Dæm kjænde te at folk va ængstle fe juve og at dæm kje ville fyje ette ræm på stigen, som va sleip og glatt ette ei regntong ti. Da ræm nesten va kåme ivi stigen tro Mari ørlite feil og sklei utfe skrenten. Dæm heldt godt tak i inan men Øystein makta kje halle Mari uppe, og sammen forsvant dæm ne i ræ rukanes juve…….

Soga om Mari livi den dag i dag o æ upphave te namne Maristigen.

Dikta fritt ette kans upplevinga mæ Marispelet.

Lese av Gro Traen