Målet kans er ei ressursside for barn, unge og vaksne der ein kan sjå, lytte, teste seg sjølv og få kunnskap om talemålet i Tinn i Telemark. Føremålet med nettsida er å skape medvit om tinnmålet og vekkje interessa for språkleg mangfald og spørsmål kring kultur og identitet.
Målet kans er utvikla i samarbeid mellom bygdeutviklingslaget Atrå i Morgo ved arbeidsgruppa «Fokus på tinnmålet», bulystprosjektet Bygdemellom og Norsk Industriarbeidermuseum.
Per Berntsen har stått for design.
Målet kans starta som ein idé hausten 2014 i arbeidsgruppa «Fokus på tinnmålet». Gruppa har gjennom fleire år bl.a. arbeidd med «Tinndølneta», ein dialektkonkurranse som blir trykt i lokalavisa Rjukan Arbeiderblad dei siste vekene før jul kvart år. Arbeidet med nettsida om tinnmålet starta opp våren 2015 og vart lansert på Atrå barne- og ungdomskole i mai 2016.
Vi takkar
for alle bidrag og god hjelp i arbeidet med nettsida.
Vi takkar Tinn kommune, Tinn dialekt- og mållag og Hovin Kulturfond for økonomisk støtte.
Kontakt: atraaimorgo@gmail.com